Vinmisjonæren

-Trykk her for Champagne!

Musserande vin har berusa og beistra sidan vi klarte å fange boblene på sterke nok flasker for rundt 300 år sidan. Blir du med på denne smakinga får du lukte og smake noko av magien som vert skapt i dei djupe kalksteinskjellarane mellom Reims og Épernay. 

Pris 650,- per person, minimum 10 personar eller 6500,-

-Tilbake til fremtiden I

Ei flaske med vin kan vere ei vel så god tidsmaskin som ein ombygd DeLorean DMC12. Bli med på tidsreiser, og smak på vin som er på veg til å døy, og vin som berre er i barneåra.

Pris 595,- per person, minimum 10 personar eller 5950,-

-Tilbake til fremtiden II

Vi set tidsmaskina til 1850 og smakar på vin som var trendy då tipp-oldemora di mjølka kyrne på setra. Sterke og intense smaksinntrykk frå ein heilt anna tid.

Pris 895,- per person, minimum 10 personar eller 8950,-

-Kelner! Det er stein i vinen min!

Mogne druer er eit produkt av fotosyntesen, men jammen er det meir i vinen enn vi kan sjå. Du får smake kalkstein, skifer, granitt og vulkansk basalt slik det smakar best: gjennom vin.

Pris 625,- per person, minimum 10 personar eller 6250,-