Vinmisjonæren

- Frå jord til bord.

Korleis blir vin laga og kvifor smakar det slik? Eit basiskurs med varierte smakar og glimt i auge. Det vert servert kvit, raud og musserande vin.

Pris 525,- per person, minimum 10 personar eller 5250,-

-Vin, ost, mat - korleis få det til å funke.

Å finne drikke som komplementerer rettane på bordet er ei utfordring. Få gode tips og lær kva som gjer at ulike vinar passar til maten. Vinmisjonæren viser deg nokre gode retningslinjer.

Pris 695,- per person, minimum 10 personar eller 6950,-

- Kurs i utvalde vinområde.

Vinmisjonæren kan setje saman eit kurs der de får smake og lære eit særskild vindistrikt. Opplev i djupna kva som er originalt for dette området. Har du til dømes lyst å smake Burgund, Toscana, Rioja, Mosel, Swartland, Tokaj, Sonoma, Wachau, Mendoza eller Douro?

Pris på førespurnad.