Vinmisjonæren

Tenkjer du at verdas utvikling og framsteg er lineær og kronologisk? At vi byrja i det små med å hogge til emner av stein til ei øks, og 100 000 år seinare så sit vi i ein Tesla Model X? Wow, sjå på dørene, nett som ein måse! Men slike dørløysingar til bil har vore funne opp for ei god stund sidan. DeLorean DMC, bygd i Nord-Irland i 1981-1982, hadde slike dører, Mazda Autozam AZ-1 frå 1992, og Merzedes 300SL hadde det tilbake i 1954.

Samtidig kan det godt vere at det fanst revolusjonerande tekniske løysingar som vart verande på teiknebordet fordi oppfinnaren ikkje fekk gjennomslag eller var tilknytta eit selskap eller land utan ressursar til å ta idéen vidare. I ein del høve har det òg vore slik at verda har tilpassa seg ein annan standard, og ei betre løysing vert for komplisert å inkorporere i fabrikkar, maskiner, hjå underleverandørar og i opplæring av servicepersonell over heile verda.

Felix Wankel arbeidde for Neckarsulmer Motorenwerke AG (NSU) og fann opp ein rotasjonsmotor som fekk namn etter han. Wankelmotor har blitt brukt i bilar, motorsyklar og motorsager. Mazda RX-8, produsert fram til 2012 er vel siste bil med slik motor. Alle andre bilar har stempelmotorar. Men kva om Wankelmotoren hadde vorte bransjestandard frå 1957, då den fyrste prototypen var klar?

Historia om vinen frå Jerez i Spania er fortald av dei som forvaltar bransjestandarden. Om korleis ein oppsprita vin vart populær i England og difor hadde behov for forsterking for å tole sjøreisa. Og seinare korleis dei ulike stilane fino, amontillado, palo cortado og oloroso vart til i samspel med fatlagring i ein solera-prosess som blanda vin av ulik alder saman. Sherry-bodegaer vart større og produksjon vart straumlinjeforma og standardisert. Palomino var drua, flor, fat og lagerhus var kvalitetsfaktoren og stilartane vart enkle å marknadsføre. Vinmarker, gamle druesortar og samanhengar vart borte på vegen.

Den alternative historia om Jerez inneheld ei soge om ein vin som til liks med anna kvalitetsvin har eit sterkare band mellom vinmark og ferdig vin. Der jordsmonn og druesortar spelar inn på vinstil. Og vin med årgang og kortare tid under flor. Vi spolar attende til eit tidspunkt i historia då det sørlege Andalucia kunne hamna i ei parallel grein av tida, om lag slik som i serien Loki på Disney+, eller i eit av Dr. Strange sine multivers.

Enter vino de pasto. Dette er eigentleg nedre kvalitetsklasse i mange spanske område, men vert somme tider brukt medvite for god vin som då får ein nedsnobba merkelapp. Litt tongue in cheek. Går vi attende i tid i Jerez, var vin de pasto vin utan oppspriting, men med noko lagring. Det var eit litt meir ustablit produkt, men etterspurd og høgt prisa. 

Luis Pérez La Barajuela Palma Cortado 2017

Fargen er djup strågul mot lys gull. Røykprega lukt, som ofte kjem i mogen vin som har vore på gamle fat. Noko frukt i retning sylta sitron og appelsinskal. Her er òg noko som minner om fino med flor og kamomille. Tørr vin og passe intens. Vinen er i ein balanse mellom ein manzanilla og kvitvin med frukt. Konsentrert vin, men ikkje tung eller intens i munnen, her er litt syre. Smakar i retning sitrus, noko oksidativt og nøtteprega mot mandlar og flor. Lang og noko røykprega ettersmak. Artig vin for spesielt interesserte.

Kontekst: 100% palomino frå vinmark i Carrascal Alto som ligg ved Macharnudo Alto og har mykje albariza-kalk. Sesongen gav svært konsentrerte druer, noko som gjorde slik vin mogleg dette året. Etter plukking, vart druene lagt på matter ute i sola (asoleo) i 6-7 timar for ekstra konsentrasjon av sukker. Forsiktig pressing av druene. Gjæring til tørr vin i fat fram desember. Ca to år i fat under flor, før noko tid med oksidativ lagring før tapping. Til saman blir dette litt som fino sherry, men med mindre flor-preg, eller ein palo cortado med meir flor og mindre oksidert preg. Vinen held 15% alkohol, og kosta 682 kr. Ein lettare stil, med nærare slektskap med ein vanlig kvitvin vert lansert til hausten. Willy Pérez hausta fyrste årgang med dette nye prosjektet under faren sitt firmanamn Luis Pérez, i 2013.

PS: Tenkjer du at sykkelen du har i dag er toppen av teknologisk framsteg? Og at det har skjedd mykje med syklar sidan 90-talet? Jaudå, men i 1940 fanst det alt aluminiumsrammer, hydrauliske bremser og integrerte bremse- og girhendlar i syklar på rundt 8 kg. Tenk kva du kunne sykla rundt på i dag, om ingeniørane som gjorde dette mogleg ikkje hadde gått til bilbransjen.

16.05.2022