Vinmisjonæren

Uhipt - opp frå grava og ut på sida

Det skal ikkje så mykje til for å skilje seg ut i Jerez-Xeres-Sherry, det andalusiske vindistriktet med tre namn. Med til historia, som byrja i det små og har med utanlandske handelsmenn som fekk vinen ut i verda, høyrer eit kapittel om maktkonsentrasjon og eit konsern som gjekk over ende. 

José María Ruiz-Mateos var ein vinprodusent og bodega som leverte halvferdig vin til større hus som ferdiggjorde og tappa vinen. Selskapet til José María, RUMASA, leverte vin til Harveys som laga den populære merkevara Harveys Bristol Cream. Utover på 1960-talet tente RUMASA store pengar på denne handelen, og selskapet kjøpte seg opp i andre bransjar. Konsernet eigde bankar, forsikringsselskap, varehus, hotell, rederi og mykje anna. RUMASA kjøpte òg andre sherry-bodegaer, og kontrollerte opp mot ein tredjedel av heile sherry-handelen.

I 1983 gjekk kjempa overende, då den nye regjeringa i Spania erklærte RUMASA insolvent, og at selskapet skulda skatt. Overproduksjon og overdriven tru på framtidig sal hadde skapt ein sherry-bransje som hadde gløymd kvalitetsfaktorane og standardiserte vinifikasjonen. Manuel Antonio de la Riva var ein sherry-bodega som vart etablert på slutten av 1700-talet. Huset var kjend for høg kvalitet fram til det vart kjøpt opp av Domecq i 1970. Utover på 70-talet forsvann vinen i porteføljen til Domecq.

Far til Willy Pérez hadde arbeidd hjå Domecq, og starta opp sitt eige vinhus i 2002. Willy har arbeidd hjå Luis Pérez, samtidig med studier. Kameraten frå universitetet, Ramiro Ibanez hadde vore konsulent i Jerez og hadde sitt eige foretak, Cota 45. I 2016 gjekk dei saman om å gjenopplive namnet Manuel Antonio de la Riva. Dei har kjøpt ein parsell i vinmarka El Notario i Macharnudo Alto med palomino. I tillegg har dei adoptert ein solera i Sanlucar med manzanilla, som dei planlegg å etterfylle med gode vinar. Fyrste årgang frå den nyoppståtte bodegaen var 2017.

Manuel Antonio de la Riva Vino de Pasto Macharnudo 2018, kr 455,-

Strågul farge på vinen. Lekker og elegant nase med florpreg som ost, jod og kamomille, bakt inn i sitron og eple. Ikkje påtrengande intens slik som ein fino eller manzanilla. Her er det nedtona og ganske mjukt. Pen og balansert vin i munnen. Fin syre og middels fylde. Tydelege men nedtona smakar av kalk, jod og mandlar mot eit bakteppe av sitrus og eit fenolisk grep.

Kontekst: Korleis smakar dette? Det er ein slags fin mellomting av ein kvitvin på chardonnay og ein fino sherry. Meir frukt og ei noko breiare munnkjensle enn fino. Men meir karakter enn ein nøytral kvitvin. Det har dei siste ti åra blitt ein liten produksjon av kvitvin på palomino-drua i Jerez. Det er definitivt plass til slike, og til slike vinar som dette. Sjå gjerne kva som finst frå Barbadillo, Callejuela, Valdespino, Equipo Navazos og Muchada-Leclapart. Druene her er frå ein parsell med to typar kalkrik albariza-jord 115 meter over havet, noko som er så høgt ein kjem i Jerez. Druene blir hausta for hand og tørka ute i sola i 6-8 timar, noko som får opp den potensielle alkoholprosenten med ca 1-2 grader. Vinen vert gjæra i 600-liters fat og får 20 månader under flor utan oppfrisking. Vinen held 13,5% alkohol. 1500 flasker vart produsert av denne årgangen.

31.05.2022