Vinmisjonæren

Uhipt - bleik men fatta

Du har sikkert høyrd om rosé-Champagne, du har nok drukke din skjerv av rosévin og truleg har du gløymd at du ein gong fekk korken på ein rosa cava til å fly over til nabohagen. Men har du nokon gong vurdert clarete? Nei? Det er på tide å snakke om gode ting frå gamle dagar. Alt var ikkje betre før, men dei tok rosafarga vin på eit mykje større alvor enn dagens vinmakarar og vinkonsumentar.

Clarete er knytt til claret og clairet, som oppstod i Bordeaux. Tilbake i middelalderen vart vin i Bordeaux laga på ein ganske annan måte enn seinare. Blå druer, gjekk i gjæringskaret og fekk berre om lag to dagars maserasjon, før vinen vart pressa frå skal og steinar. Då vart det lite uttrekk av farge og tannin, og vinen vart mørk rosa heller enn djup raud. Denne vart kalla vinum clarum eller clairet. Frå dette fekk seinare raudvin frå Bordeaux namnet claret i England.

I Nord-Spania, som hadde mykje vinmessig kontakt med Bordeaux, vart det laga vin som gjekk under namnet clarete. Særskild i områda Ribera del Duero og Cigales. Men clarete finst i Rioja og Portugal òg. Det er altså ein mørk rosa vin, i hovudsak laga på både raude og kvite druer. Som oftast gjæra i lag. Og dette tek oss attende til riktig gamaldags vin, den som vart laga før den industrielle revolusjon.

Då var det langt vanlegare med samplanting av vinmarkene. Det var altså ikkje raude for seg og kvite for seg, eller eigne vinmarker med cabernet sauvignon og andre med castets. Nei, alt vaks saman hultertibulter. Eg har vore i kontakt med vinprodusentar i område som enno har slik planting, i Douro, Wien, Franken, Champagne og Alsace. Grunnane til at dei framleis held på med dette er ulike. Nokre meiner at det kan vere hensiktsmessig med tanke på sjukdommar og soppangrep, sidan nokre sortar er meir hardføre og ved eit angrep så vil ikkje heile vinmarka bli skadelidande. Andre meiner dette argumentet ikkje er så godt. Nokre gjer av respekt for tradisjonen. Atter andre meiner det framhevar kvaliteten på vinmark og område på bekostning av druesort. At veksstaden verkeleg får skine.

Clarete i gamle dagar var òg frå samplanta vinmarker. Heile vinmarka eller parsellen vart hausta saman, trass i at det var ulike druesortar med ulik mogning. Så vart dei knust og lagt i gjæringskaret. Kunnskapen om maserasjon og behandling av tanninane var kanskje ikkje så stor for 2-300 år sidan. Romanée-Conti, verdas dyraste raudvin, hadde til dømes på 1700-talet ein maserasjonstid på berre 12 til 36 timar, og sidan tre år i fat. Dette ville gitt ein lett oksidativ rosévin med noko volatile syrer. Vinen hadde då om lag 20 % kvite druer i miksen.

Det er no to spanske clarete i polet sitt sortement + ein frå Rioja som ikkje går under det namnet. Ja, og kanskje ein til på litersflaske med frosk på etiketten. Dei er klassa som høvesvis raudvin og rosévin. Det viser at dette er noko midt i mellom. Eg har smakt ein, og det var ein skikkeleg sommarvin! Oh la la!

Azul y Garanza Naturaleza Salvajes Clarete 2021

Mørk rosa, noko uklar. Rein og open bærfrukt. Sommarsøte bringebær og boysenbær. Snev av funk. Lett CO2-prikking på tunga. Dette går over etter at eit par glas har gått ned på høgkant. Fruktig, mjuk, frisk og lett vin med behagelige tanniner. Fine reine smakar av bringebær. Herlig sommarvin som bør serverast ved 8-10 grader. Skal du berre drikke ein lys raud vin i sommar er dette vinen å prøve.

Kontekst: Dette er altså 70% garnacha og 30% garnacha blanca frå vinmarker i Navarra, nordaust i Spania. Vinmarka har kalkhaldig leire og ligg 550 meter over havet. Økologisk dyrking av 40 år gamle vinstokkar som veks i svært skrinn jord nord for Bardenas Reales, den største ørkenen i Europa. Druene blir hausta for hand, og får gjære med skal i 12 dagar. Sidan vert vinen utvikla i seks månader i leirekrukker. Tomflaska på 666 gram er ikkje pur vondskap, men det er rom for forbetring. María Barrena Belzuengui og Dani Nogué Sánchez har røynsle med druer, secateur og saccaromyces frå Frankrike, Argentina, Australia og Sør-Afrika. Vinhuset held til i eit nedlagt kooperativ i Carcastillo. Vinen er rosé+ og herlig drikke. Clarete frå alle land, kom fram og gled oss!

27.06.2022