Vinmisjonæren

Uhipt - 850 år tilbake og 1000 år fram

Både protestantar og sekulære har sine problemer med deler av det katolske tankegods og praksisar. Men dedikasjonen som munkar og nonner har til noko større enn seg sjølv må ein beundre. Og dei har vore med på å gje verda grunnlaget for somme av verdas mest spanande vinar. Arbeidsmoralen og ein arbeidsgjevar i det høge har hindra dei i å ta snarvegar på vegen frå jord til ferdig vin. 

I Kamptal i Austerrike ligg eit verdsleg gods som munkane i Zwettl eit stykke oppstraums tok over i 1740, då eit oppussingsprosjekt gjekk langt over budsjett. Vinmarker ved Langenlois og Gobelsburg hadde munkane alt drive sidan 1171. No vart vinifikasjon flytta inn i lokaler som var verdige vinbonden i det høge. Etter andre verdskrigen gjekk talet på munkar ved Stift Zwettl nedover, og det vart verre å drive vinmarkene og vinhuset forsvarleg. Hotellmannen Michael Moosbrugger fekk difor ein kontrakt på beskjedne 100 år i 1996, til å drive vinforretninga for klosteret. Med seg i starten hadde han sin mentor Willi Bründlmayer.

Schloss Gobelsburg har no parsellar i flotte vinmarker ved Kammern, Langenlois og Zöbing. Grüner veltliner og riesling står for 75% av produksjonen, medan resten er raudvinsdruer som mellom anna sankt laurent og pinot noir. Munkane som har arbeidd sine åtte daglege timar i vinmark, har ikkje hatt behov for å kaste seg på ulike nye filosofiar, verdssyn eller økonomiske trendar i jordbruk. Korkje romantikken, kommunisme, surrealisme, kunstgjødsel eller new public management har fått slå rot mellom rankane med grüner veltliner og riesling.

Den lange historia til munkane sin vinproduksjon ved Schloss Gobelsburg inspirerte Moosbruggen til å lage vinane Riesling Tradition og Grüner Veltliner Tradition. Dei kom fyrste gong i 2001, og er eit forsøk frå Michael på å lage vin slik ein gjorde det for 200 år sidan. Då var det litt andre syn på kva vin skulle vere, og som då var styrande for ein vinmakar. Ein hadde heller ikkje pumper, filtrering eller moglegheit til å måle kor mykje svoveltilsetjing som var tilstrekkeleg for å beskytte vinen. Desse vinane vert noko anleis enn dei andre vinane huset lagar på grüner og riesling. Druene blir pressa i gamaldagse korgpresser, og sidan gjæra i 2400-liters fat av lokal eik. Kvar tredje månad vert vinen stukken om til eit nytt fat. Dette held fram i om lag to år. Då er vinen utan sediment, og flyttingen frå fat til fat gjev vinen noko meir oksidasjon. Tida på fat fjernar frukt, men tilfører struktur og fenolisk rikdom. Ikkje for einkvar smak. 

Til 850-årsjubiléet i 2021, laga Moosbrugger ein vin kalla Tradition Heritage 50 Years. Denne var sett saman av vinar frå 1970 og fram til i dag. Flasker vart henta fram frå munkane sin kjellar, opna og sjekka. I tillegg til riesling og grüner er det i denne bestanddelar av sylvaner, muskateller, traminer, neuburger og andre. Det vart òg laga ein 3 Years og ein 10 Years-versjon av Tradition Heritage, og desse er med 80% grüner og 20% riesling. Michael Moosbrugger har vist kva fortida hadde av kvalitetar i desse vinane, og henta historia fram og tappa ho på flaske. Men er dette noko vi kjem til å ta med oss vidare til dei neste 100 eller 1000 år med vinmaking? Difficult to predict, the future is.

Schloss Gobelsburg Tradition Heritage Cuvée 3 Years, kr 474,90

Lukta er rik og frisk på ein gong. Ber preg av tid på treverk. I munnen er har vinen eit lekkert lett søtleg fruktpreg med mogne eple. Men her er meir dominans av ein rik, glatt og fenolisk struktur som gjer at vinen vert opplevd veldig konsentrert, og med noko aroma av treverk. God syre i vinen. Dette er nok ein vin som kanskje er meir spanande når syra kjem meir fram og han har gått på ein slankekur i kjellarmørkret i nokre år. Høg kvalitet, men om du likar kvitvin med smak av frukt er ikkje dette noko for deg. 

Kontekst: 80% grüner veltliner og 20% riesling frå gode vinmarker i Zöbing og Kammern. Druene blir knust og får 10-18 timar skalkontakt. Pressa langsamt i gamaldags korgpresse, som held på ein del av sedimenta. Vinen går difor rett i gjæring i store fat, med noko sediment. Det vanlige i kvitvinsproduksjon, er å la mosen frå pressa gå i ein tank, og la han stå til neste dag så dei grove sedimenta set seg i botnen. Ein pumpar då den klare mosten over i ein ny tank eller eit fat, og sedimenta vert att. Etter gjæring, vert vinen stukken om til eit reint fat kvar tredje eller fjerde månad i to år, til vinen er naturleg klara. Kamptal vindistrikt har 3582 hektar vinmarker og 293 vinprodusentar. Elva Kamp er 153 km og renn frå vest mot aust, før ho svingar sørover og renn inn i Donau.

14.06.2022