Vinmisjonæren

Tysdagstankar - wabi sabi

Menneske har sidan vi fekk løyve til å “[...] råda yver fiskane i havet og yver fuglane under himmelen og yver feet og yver all jordi og yver alt liv som leikar på jordi”, alltid hatt verketrang og visjonar. Vi har sett rundt oss på naturen og tenkt: dette kan eg gjere betre! Det ser vi att i alt frå Babylons hengande hagar til kommuneslagord. I vår iver etter å byggje, forbetre og imponere, gløymer vi av og til å spørje kvifor.

Vårt konkurranseinstinkt leier oss høgare, sterkare og raskare mot eit ideal av perfeksjon. På vegen utviklar vi skylappar, vi ser mot transhumanisme i vår hybris, og gud er ikkje lenger nokon målestokk. 

I ei verd der det finst så mykje glatt, velpolert, symmetrisk, gjennomtenkt og sjølvsikkert, er det òg plass til uendelege mengder keisemd. I møda, balet og arbeidet mot perfeksjon er det mykje å hente ut av lærdom, men når målet nådd er det litt flatt. Eit anna ideal finst i Japan, wabi-sabi, der ein verdset det flyktige, det som ikkje er perfekt og naturens uregelbundne former.

I jakta på perfekt score, har vinslott i Bordeaux arbeidd systematisk over lang tid. Med hjelp av kostbare innsatsfaktorar og global oppvarming vert druene mogne og vel så det, i det tidlegare så regnfulle Gironde. For dei som hugsar dei raude, strenge, tørre og tanninrike Médoc-vinane frå gode gamle dagar, er våre dagars polerte lilla fruktbomber ein annan stil. Det kan bli litt for perfekt i lengden. Litt keisamt.

Eg har difor i ein periode leita etter vin frå dårlege årgangar. Og dei veks ikkje på tre lenger. Motstraums har eg søkt mot dei åra som vinmakarene helst vil gløyme. Då det vart meir å gjere og mindre vin. Då regnet samla seg i grunnen og skapte hovudbry og rôte. 2007 og 2013 er to slike år i Bordeaux. Elles har det stort sett vore gode år og solide vinar sidan milleniumsskiftet. No er dei fleste eg har prøvd utseld, og importørar trekk vel eit letta sukk. Truleg er det litt risikabelt å ta inn i bestillingsutvalet ein vin frå ein årgang dei fleste unngår. Sidan mange av vinslotta i Bordeaux har relativt stor produksjon samanlikna med ein del andre kvalitetsområde, er det til ei kvar tid mange årgangar tilgjengelig, ofte frå same slott.

Kva er det då som er så attråverdig i 2007 og 2013? Vel, vinane er lysare i frukt og farge. Dei er tidlegare tilgjengeleg enn vin frå store årgangar. Kvalitetsvin frå Bordeaux har generelt mykje tannin og god konsentrasjon, som gjer at dei kan vere litt voldsomme dei fyrste ti åra. 2007 og 2013 har ikkje stuffingen til å kunne vere gode om 10 år, men er allereie litt avslipne og balanserte. Smakane går meir mot syrlege raude bær, enn mot mørke, overmogne og søte bær. Teksturen er kanskje nærare dongeri enn silke, overflata meir matt enn glossy. Men det er noko fint med feil. Å merke på vinen at denne hausten var det verkeleg noko som stod på spel. Ingen walk-over til finalen.

Chateau Citran 2007, kr 329,90

Ein 2007 som enno (pr 10.05.22) er tilgjengeleg på polet. Mørk granatraud vin og nesten transparent i glaset. Lukta har god intensitet. Klassisk “tørr” Bordeaux. Sart, noko utvikla og støvete frukt. Solbærblad, blyantkvess og søt tobakk. Smaken er utvikla, fin og tørr, med sarte og syrlege mørke bær og plomme. Tanninane er allereie utvikla. Ein vin som bør drikkast innan eit par år. 

Kontekst: Chateau Citran er ein eigedom i Avensan i Haut-Médoc, litt nordvest for Margaux. Med 105 hektar vinmark er dette ein stor eigedom, og ein gjennomsnittleg årsproduksjon på ca 550 000 flasker. 60% av dette er fyrstevinen, og 40% er andrevinen Moulins de Citran. Druemiksen i 2007 var 450% merlot, 50% cabernet sauvignon. Vinen gjærar i temperaturkontrollerte ståltankar og mognar i eikefat i 15 månader. 35% av fata er nye. Årgangen hadde mykje vått og kjølig ver, og det vart difor svært lang tid mellom bløming og hausting. Utan sol og varme, fekk ikkje druene nok tannin og fruktsødme. September var varm og tørr, og redda årgangen frå katastrofe. 

10.05.2022