Vinmisjonæren

Tysdagstankar - Euskal Herria

Om sykkelfabrikk, separatistar og superfrisk vin. Eg har ikkje vore i Nord-Spania, men her er mange reisemål som freistar. Kysten av Galicia med sine fjordar, fiskerettar og vinproduksjon er naturleg fyrsteval. Men kysten som vender mot nord og Biscaya-bukta har då òg rikeleg å by på. Kanskje er det noko der sør som minner om vestlandsseparatisme. Ikkje det at det nokon gong er eller blir ei reell fare for at langfjella blir riksgrense mot Rest-Noreg. Til det er det for mykje innbyrdes krangling her vest. Men vi har motrørsler og nynorsken og ein skepsis mot Oslo-dominansen.

I Baskarland har dei lenge hatt ei genuin tru på lausriving frå Spania, men det ser ikkje så lyst ut no. Men her er ein eigen kultur og lange sosialistiske tradisjonar. Franco fekk Gernika bomba under den spanske borgarkrigen. Nordkysten er kupert og variert, frå Pyreneeane i fransk Baskarland og utover mot Cantabria. Her skryt dei av noko av det beste terrenget for stisykling. Ein god grunn for å ta seg ein tur. Ikkje så rart då at her mellom San Sebastian og Bilbao ligg den største sykkelfabrikken i Spania.

Orbea har røter attende til 1840, då dei produserte våpen, men etter andre verdskrigen har det vore syklar som har vore hovudfokus. Fabrikken har dei siste 50 åra vore organisert som eit kooperativ, eigd av medarbeidarar. Pro-tour-laget Euskatel-Euskadi som sykla frå 1994 til 2013, brukte syklar frå Orbea. Min eigen sykkel er meint for full fart på kuperte stiar.

I bakkane og åsane ved kysten er det òg ein vinproduksjon. Txakoli heiter vinen, som vert laga i tre soner: Getaria, Biscaya og Álava. Den kvite Txakoli vert laga av druesorten hondarribi zuri og er svært frisk og lett. Tradisjonelt var vinen frå området laga for lokalt konsum av familie og kameratar, og gjæra i store gamle fat. No er det heile blitt noko meir moderne og vinen får stort sett sjå innsida av rustfrie ståltankar. Det finst nokre variantar med lengre mogning på botnfallet som dimed får ein litt fyldigare tekstur. 

Hiruzta Txakolina 2021, kr 152,90

Heilt lys. Svært frisk, lett vin med eit snev av bobler. Han luktar av grøne eple og urter. Tørr og stram vin, utan så mykje frukt. Saliverande og artig vin, som passar ypperleg på plenen eller terrassen i fint ver og god tid. Skal du ha ein lett vin og er lei av rosé, så er Txakoli eit friskt alternativ. Laga på 100% hondarribi zuri mogna på stål. Hiruzta held til ved landsbyen Hondarribia, som ligg på grensa til Frankrike. Det er ei familiebedrift med 17 hektar vinmark.

24.05.2022