Vinmisjonæren

Fredagstipset - vin før og no

Det dukka opp ei prisliste for Vinmonopolet i det herrens år 1927, og der var det mykje moro å lese. Det fyrste er jo kor lita og oversiktleg vinverda var, i det minste sett frå disken i eit av polets fyrste år. Frå statistikk og politikk veit vi at det var eit stort sal av sterkvin frå 1923, då forbodet mot sterkvin vart oppheva. Brennevinsforbodet held seg fram til 15. april 1927. 

Det som kunne kjøpast av vin i 1927 er mykje ulik sterkvin. Det er tre sider med portvin, halvannan side med sherry og madeira, og i tillegg malaga og marsala. Raudvin kjem frå Bordeaux, og så er det nokre frå Burgund. Fire spanske, tre italienske, to chilenske og ein frå Algerie. Det er kvitvin frå Rhin og Mosel, og det er mykje Champagne.

Champagne er dominert av store hus, som har vore drivne meir eller mindre slik som i dag sidan 1800-talet. Dei eig i varierande grad noko vinmark sjølv, men kjøper inn mykje av materialet frå småbønder. Vindyrking i Champagne kan vere lukrativt, prisen på ein kg druer kan kome opp i 7€. Ein av dei husa som var representert i prislista frå 1927 er Louis Roederer. Dei har eit hovudprodukt, som dei fleste andre produsentar, som nett har skifta namn frå Brut Premier til Collection 242. Vinen som var til sals i Noreg i 1927 heitte Grand vin sec, og kosta 12 kr. Det tilsvarer 432 kr i oktober 2022. 

Louis Roederer Collection 242, kr 519,90

Gert Crum har i si bok om Champagne plassert Roederer sin Brut Premier i kategorien “soft, vinous, elegant and broad”, og denne nye Collection passar vel òg inn der. Rik og solid Champagne med lukt av mogne eple og bakeri. Kompleks og smakfull med lekre og behagelige bobler. Her er friskheit og utvikling, i form av frukt, autolyse og lett oksiderte eple. Flott Champagne som vil vinne på litt lagring.

Kontekst: Roederer rår over dryge 240 hektar vinmark. Denne Collection er einaste vin frå huset som i tillegg har innkjøpte druer. Huset har bevega seg mot økologisk og biodynamisk drift og verkar som ein av dei med mest gjennomtenkte idéar og planar. Huset produserer om lag 3.2 millionar flasker i året, og er med det ein ganske stor spelar.

Collection 242 består av 56% vin frå årgang 2017, 34% er ein solera med vinar starta i 2012, og har då vin fram til 2016 for denne cuvéen. 10% er reservevin som ligg på eikefat, og her er det vin frå årgangar attende til 2009. Totalt er det 42% chardonnay, 36% pinot noir og 22% pinot meunier. 34% har gått gjennom malolaktisk omdanning, så her prøver ein å kombinere det friske med det runde. Det vil eg seie dei får til.

19.11.2022