Vinmisjonæren

Fredagstipset - tronskifte!

Storbritannia har fått ein ny monark. Men mykje er nok ved det gamle. Privilegia, eigedomar og rikdom vert verande i familien, medan landet slit med økonomi, truverde og eigne demonar. Problema politikarane må løyse er enorme, medan tilliten i folket er minkande. 

Er det berre elende på dei britiske øyer, eller er det lyspunkt? Den boblande vinen frå Sør-England har aldri vore betre. Skal tru om dei med tida kan utfordre den gamle tanta på kontinentet? Champagne er svært mykje større, men her er både middelmåtige vinmarker og vinhus. Dei surfar på gamal stordom og ryktet til dei beste. England har nett slått seg opp og kan ikkje kvile på laurbær.

Veksten i areal planta med vinstokkar har vore stor dei siste åra. Per utgangen av 2021 var det 3690 hektar (ha) i England og 66,7 ha i Wales. På 1990-talet vart det berre planta 150 ha, medan det på 00-talet kom 683 ha nye vinmarker. Men det er på 10-talet at veksten verkeleg har teke laust: 2200 ha nytt vinmarksland, og berre i 2020 og 2021 kom det 753 ha til. Totalt vart det produsert 8,9 millionar flasker britisk vin i 2021, og 68% av dette var musserande. Det er framleis eit stykke att til Champagne, med sine dryge 33 000 ha vinmarker.

Om det verkeleg er kostnadsauke, valutakursar eller hybris som gjer at dei fremste husa i Champagne har auka prisen, veit eg ikkje. Men her i landet må du no ut med over fem hundrelappar for både Bollinger, Pol Roger, Veuve Clicquot, Louis Roederer og Charles Heidsieck sine “brut sans année”.

Om britane klarer å halde att på lysta til å hoppe ut i prisgaloppen, kan det vere at dei festar eit grep hjå kostnadstyngde nordmenn. Førebels finst det 24 ulike britisk musserande vin til under 400 kr, og 59 under 500. 

Ein av dei største spelarane er Nyetimber som har vakse både i kvalitet og kvantitet. Dei fyrste vinstokkane kom i jorda i 1988. I dag har eigaren Eric Heerema 350 hektar vinmarker, der 325 av dei er klar til hausting i år. Det er pinot noir, pinot meunier og chardonnay som blir til britisk musserande vin av høg kvalitet. Ei flaske som eg kjøpte for om lag eit år sidan, låg gøymd nederst i vinskåpet. Og eit år ekstra lagring etter innkjøp viste ein svært pen utvikling. Dette er verd å leggje unna, for god musserande vin vert også spanande med alder.

Nyetimber Classic Cuvée Brut, kr 409,90

Strågul farge. God intensitet på lukta, og ein fin balanse mellom sjøaroma som hummarskal og østers, og friske gule eple og søtt bakverk. Tørr og frisk. Elegant vin i munnen med behageleg mousse og fine nyansar av sjømineral, frukt og autolyse. Vinen viser ein pen utvikling, og er litt rundare i uttrykket enn tidlegare notat.

Kontekst: Nyetimber produserer vin frå eigne vinmarker i West Sussex, Hampshire og Kent. Denne flaska hadde kode LCCMV3012K12, som betyr at basevinen er frå 2017. Druemiksen er 60% chardonnay, 27% pinot noir og 13% pinot meunier. I tillegg til 2017 (67%) er det vin frå 2015, 2014 og 2013 i miksen. Etter fyrste gjæring, vart vinen tappa på flaske i mars 2018. Så starta andregongsgjæringa på flaska. Vinen har vore saman med gjæren til 29.07.21, då botnfallet vart teke ut og champagnekorken sett i. No er det ein annan batch som er til sals, og denne har basevin frå 2018. Druer og metode er som i Champagne, og denne vinen hadde restsukker på 10 g/l, noko som er i same stil som vin frå dei kjende husa i Champagne.

21.10.2022