Vinmisjonæren

Fredagstipset - stordriftsfordeler

Vesle Jura, aust i Frankrike er landets minste vindistrikt. Departementet Jura er litt som Sogn og Fjordane: folket er få og bur spreidd. Totalt er det knapt 260 000 sjeler her, og kun to byar hyser over 10 000 personar. Den største byen Dole, med 23-24 tusen innbyggjarar, imponerer ikkje så mange. Vinen derimot, skaper glød i augo på tilsette og klientell i dei kulaste kneipene i Køben og London.

Heile Jura har om lag 2100 hektar vinmarker att, og dryge 800 av dei ligg i Arbois i nord. Det var her at Henri Maire etablerte sitt store foretak rett etter andre verdskrig. Med kapital og pågangsmot vart han ei hjørnesteinsbedrift i Arbois. Sidan har det gått litt opp og ned, men no har huset framleis over ti % av vinmarksarealet i Jura.

Henri kjende statsministeren i Frankrike, og han reiste rundt i verda og promoterte Jura. Han “fann opp” den populære pet-nat-vinen “Vin Fou” som på 50-60- og 70-talet gjekk unna som pepsi max i våre dagar. Då Sovjetunionen var klare til å sende kosmonautar ut i rommet, sende Maire Jura-vin som dei skulle ha med på ferda. Soga seier at vinen vart drukken opp lenge før raketten var klar for takeoff. Og det er nok sant. 

Domaine Maire sin store portefølje av vinmarker er kome til ved oppkjøp av fleire eigedomar. Ein av dei er Sorbief på 60 hektar rett utanfor Arbois, der alle dei fem druesortane i Jura er planta. Dette er ei ganske bratt vinmark med godt vern mot nordavinden og fin mergeljord. Vinmakar sidan 2018 er den røynde Jacques Hauller, som har jobba i Alsace, Gascogne og Napa Valley.

Maire Arbois Chardonnay Vignes du Sorbief 2020, 229,90

Ein strågul farge i det store glaset. Slik chardonnay-vin kan godt prøvast i glas med store overflate. Her er bra intensitet i lukta. Mest gulfrukt, med hint av leire og ost. Ein relativt fruktig og moderne Jura chardonnay, i Jura-samanheng. Smaken går i same retning, med gule eple, kalk og med eit lite touch av flor-preg. Her har det vore både nye og gamle fat i mogninga av vinen, og det skin igjennom. Grei konsentrasjon og ei oppleving av fenolisk grep i munnen. Balansert og bra Jura chardonnay til prisen.

Kontekst: Druene kjem frå mergelrik vinmark planta i 1974, altså vinstokkar med ein god alder. Etter pressing vert vinen gjæra på ståltank. Vidare utvikling i fat i 9 månader før tapping. 30% nye fat og resten er eldre. Både nye og brukte fat set sit preg på vinen. Chardonnay er ein av verdas mest utbreidde grøne druesortar. I Jura set både mergeljorda og eikefat eit tydeleg merke på chardonnay, og det er gjenkjenneleg og godt.

21.10.2022