Vinmisjonæren

Fredagstipset - skam

Når vi drikk av ein vin, vert vinen ein del av oss. Mesteparten kjem ut att, lett filtrert gjennom lever og nyrer. Men noko vert teke opp i kroppen, og nokre av atoma og molekyla snurrar rundt i oss i kortare eller lengre tid. Dei lærde seier at i løpet av ein sju-årsperiode er alle cellene i kroppen bytta ut. Uansett, å verdsetje vin på kroppsleg måte er òg ein del av det å vere menneske. Men vi skammar oss kanskje litt over at denne infantile gleden, som vi jo veit at for ein stor del må skuldast prosentane sin effekt i promillen.

Det er eit slags skilje mellom vinar som vi tenkjer må verdetjast intellektuelt eller i det minste med litt estetisk vurdering, og vinar som ein gluggar nedpå for å døyve sosial angst eller manne seg opp til ein date. Akkurat kvar dette skilje går, er nok litt individuelt, men eg vil tru det har litt med pris å gjere.

Kanskje finst det vinar som flørtar med grensene for kroppsleg og intellektuelt behag. Er ikkje det noko å forsøke å oppdage? Ettersom du lever, smakar og erfarer, vil nok denne grensa flytte litt på seg. “Vi kan jo ikke se den grense under vin!”

I namnet åt måtehaldet og vinkulturen må eg innrømme at det hender eg snublar borti nokre slike grenseoverskridande vinar. Kanskje er det ikkje vinen “an sich”, men heller sjølve den konkrete stunda og opplevinga saman med akkurat den flaska. Det kan då innehalde staden, lyssetjinga, eventuell personar som var med å delte vinen, og eigen psykiske tilstand. Som vi ser: slikt er vanskeleg å gjenskape. Ja, nesten umogleg. Men eg kan jo ikkje anna enn å dele mi oppleving av vinen, så får den som forsøker same vin, heller skape sin eigen stemning og relevante kontekst.

Druesorten pinot noir skaper vin som er transparent og lett. Men han kan allikevel vere intens og konsentrert. Om han ikkje er for dyr, kan han òg konsumerast med låge skuldrer, for eksempel i ein øyrelappstol.

Chanin Sta Rita Hills Pinot Noir 2020, 369,90

Ung og struttande, nesten kirsebærraud og transparent raudvin. Vinen vil mykje. Lukta kastar seg i armane/nasen på deg. Vinen er open og skamlaus i sin iver etter å gle deg med heile seg. Vanlegvis kan jo vinar i denne kvalitetsklassen vere litt meir reserverte. Men neidå, her er dørene på vidt gap. Kjøtfull, typeriktig lukt av pinot noir, som betyr søte mørke bær, litt lakris og noko eikeflis. Smaken er òg mot det “mørke” hjørnet i bæravdelinga, men altså på ein pinot noir-sk lett måte. Noko eik. Jovial, flørtande vin med sjarm, mjuk struktur og syresnert. Ah.

Kontekst: Sta Rita Hills er ein av fleire AVA i Santa Barbara County, nordvest for Los Angeles i California. AVA står for American Viticultural Area, som er ulike geografiske einingar for vindyrking. Sta Rita Hills har eit klima som er gunstig for chardonnay og pinot noir. Gavin Chanin starta opp sitt eige vinhus i 2007. Han lærte å lage vin gjennom fleie år med sommarjobb hjå Au Bon Climat og Qupé. Han var kunststudent, men no er vinen blitt levebrødet. Som så mange andre i California kjøper han druer frå vinbønder som eig og driv vinmarkene. Og han har fått kontrakt på nokre av dei mest spanande markene i Sta Rita Hills. Han brukar i denne vinen 35% heile klasar i gjæringskaret for å få meir friskheit i vinen. Under maserasjonen er det manuell nedstaking. Etter gjæring vert vinen mogna i 15 månader på franske eikefat, der 15% er nye.

21.10.2022