Vinmisjonæren

Fredagstipset


2021. Altså i fjor. Andre corona-haust. Dei fyrste 21-arane frå nordlege halvkule har nett kome på lager og i butikkar. Nytappa og med brusande ungdom og overmot i alle fibrar. Eg var jo ein tur i Mosel og plukka litt druer hausten 2021, og gler meg til dei dropane er ferdig på flaske. Men ein riesling kabinett frå Nierstein i Rheinhessen er no tilgjengelig. Kai Schätzel har vinmarker ved Rhinen i det som vert kalla Roter Hang. Omsett til norsk blir det raud skifer og til dels bratt terreng ned mot elva. Her vender vinmarkene Pettental, Hipping og Ölberg mot aust, søraust og sør. Det er god mogning her, noko som har fått Kai til å endre på oppbinding og beskjæring for å minske fotosyntesen. Litt færre greiner og blad skal gje mindre sukker i druene. Det høyrest kontraproduktivt, men det er ikkje alltid at klimaendringane dreg i same retning som det platoniske ideal.


Kai kan avsløre at kabinett-vinane til Konstantin og Alexandra frå Starkeburger Hang over Mosel har vore ei rettesnor. Denne 2021 har tonnevis av denne florlette platoniske idéen om ein forfriskande vin. Ein drikk som skal gjere deg glad og oppstemt. Vinen til Kai held 7% alkohol og har 39 g/l restsukker som vert effektivt halde i sjakk av 10 g/l syre. Og dette er den beste syra, fersk og bitande riesling-syre. Slepp kabinetten fri, det er vår!


Schätzel Riesling Kabinett 2021, kr 175,-


Heilt lys strågul på farge. Pen, litt rund og eplesøtleg lukt. Gule eple, honningmelon og noko meir stringent og steinete bak frukta. Svært lett vin! Allikevel rikeleg med konsentrasjon, noko som er eit paradoks hjå gode kabinett-ar. Gode eplesmakar, men svært fersk og kanskje litt uferdig. På dag to har vinen gått seg til, og vinen vert opplevd som djupare i smaken. Godt kabinett-kjøp utanfor Mosel. Denne vinen vil bli endå betre utover året, så det er ikkje dumt å kjøpe inn og la nokre flasker få litt tid i kjellaren. Kai Schätzel arbeider biodynamisk, noko som betyr økologisk tilnærming og vel så det. Altså mykje manuelt arbeid, og eit forsøk på å spele på lag med økosystema og naturen. Finst det ei framtid, er ho grøn.


26.03.2022