Vinmisjonæren

Fredagstipset


Post kvinnedagen, men allikevel. Uansett kor mange pronomen du meiner språket treng. Uansett om du er usamd i at Gud skapte kvinna frå eitt mannen sine ribbein og nokre kjøtslintrar. Menn har alltid beundra kvinna, og ønskt å gje henne noko som ho blir glad for å få. Og vi prøver framleis, kvar bursdag, morsdag, bryllaupsdag, jul, påske og kvinnedag. Noko sjokolade- og blomsterbransjen har tent godt på. 


I Douro-dalen nord i Portugal vert den mandige portvinen til. Og dei siste 20 åra òg mandige, høge og mørke raudvinar. Det er steikjande varme somrar som fyller druene med sukker og alkoholpotensial. Jorge Moreira og kona Olga Martins etablerte i 2001 ein liten vingard i nærleiken av husklynga Provesende. Om du er midt i Douro, og følgjer sideelva Pinhão nordover, ligg garden her på venstre hand. 


Om du er med på metaforen at raud Douro er ein maskulin vin, så har Jorge laga ei kvinne av ribbeina i form av vinen She Douro. Vinen er ein hommage til dottera, og vinmakar er Olga Martins. Flaskeformen er òg den mjuke burgund-flaska, mot dei andre vinane til Poeira som kjem i bordeaux-flaske med høge skudrar. Men no er det helg, og du kan senke skuldrane og puste med magen. Ein litt anleis Douro-vin kanskje?


Poeira She Douro 2017, kr 189,90


Tett, mørk lillaraud, nett slik raudvin frå Douro plar sjå ut. Pen lukt av frukt som er perfekt mogen, ikkje for lite, ikkje for mykje. Mest mørke bær, søte og syrlege. Litt kirsebær, vanilje og eik. Smaken føljer opp inntrykket som kom inn nasen. Framleis smak av fersk mørk frukt. Men tanninane er moderate og dominerer ikkje, det er meir noko friskt. Ettersmaken er varm og tørr og avslører at vinen toler både lagring og følje av mat.


Kontekst: Druene her er 100% touriga franca, som er den mest planta druesorten i Douro. Men det er sjeldan at det vert laga vin utelukkande på denne. Mykje Douro-vin og portvin er laga på ein miks av ulike sortar, og eldre vinmarker er ofte samplanta med opp til 30-40 ulike druesortar. Vinmarka her ligg nordvendt, og då vert det mindre sol og varme gjennom dagen. Druene får då litt lægre alkohol og vinen eit lettare preg. Denne er på 12,5% alkohol medan 13,5-14,5 er det vanlige i Douro. Etter hausting vert druene fottrakka i tradisjonelle opne betongkar, såkalla lagares. Dette gjev eit forsiktig uttrekk av smak og tannin frå skalet. Etter gjæringa, får vinen 18 månader på “sminkerommet” aka i franske eikefat. Men er det nokon vin som toler litt tung augeskugge, er det dei mørke raudvinane frå Douro. Eit godt kjøp.


26.03.2022