Vinmisjonæren

Fredagstipset - i sin barndoms dal

Likar du raudvin med litt motstand? Frisk, raud og fruktig pinot noir, til dømes. Eller noko meir krevjande på nebbiolo frå Piemonte. Og då smiler du nok av kirsebærsyrleg sangiovese frå kjerneområda i Chianti. Truleg er du heller ikkje framand for mørk og kjølig blaufränkisch frå Burgenland eller bjørnebærfrisk syrah frå Rhône-dalen.

Mot desse vert Spania sine poster boys frå Rioja, Ribera del Duero og Priorat litt varme og tunge i sessen. Det er noko musealt og støvete over dei spanske raudvinane. Jau då, eg veit at dette er generalisering og at landet sydar av innovasjon for dei som leitar. Men litt høg mogning og mykje ny eik gjer vinar som manglar nerve. Og det er mykje slik vin i Spania.

I boka The New Vignerons (2017) av Luis Gutiérrez, står det om ein del av menneska bak innovasjonen i spansk vin. Raúl Pérez har ikkje fått eit eige kapittel, men han dukkar opp i tekst og bilete i avsnitta om mange av dei andre vinbøndene. Som ideologisk leiestjerne, konsulent, jordmor for nye prosjekt, partnar, vinmakar eller inspirator. Då han var i Oslo for å promotere boka til Gutiérrez, stilte han med eit skjegg som ville fått PST til å leggje frå seg smultringane og rette på brillene. Men sjølv om han ser ut som ein mulla, er han så langt frå dogmatisk som det lar seg gjere.

Grunnlaget hans er frå familiegarden i Valtuille de Abajo i Bierzo. Men han hadde hovudet fullt av idéar. Og det har teke han rundt om i Spania og over grensa til Portugal. Til dømes med mencia i Ribeira Sacra og produsenten Guímaro og i Rías Baixas med Forjas de Salnés.

Raúl Pérez Ultreia Saint Jacques 2019, kr 224,-

Rubinraud, nesten transparent. Fruktig vin! Sursøte mørke bær, granitt og funk er det mest dominerande på lukt. Ganske frisk og sursøt-fruktig vin passe mjuk struktur. Rein vin utan noko smak av eik. Artig vin og solid kvalitet til prisen. Ein “italiensk” spanjol.

Kontekst: Bierzo ligg heilt nordvest i provinsen Castilla y Leon, på grensa til Galicia og vindistriktet Ribeira Sacra. I både Bierzo og Ribeira Sacra er mencia hovuddrua for raudvin. Det er òg lov å nytte alicante buchet, tempranillo, merlot og cabernet sauvignon. Bierzo har totalt ca 4000 ha vinmarker, hovudsakleg fordelt på små parsellar som vinbønder sel til nokre få produsentar. Bierzo ligg midt i mellom eit fuktig kystklima og eit tørt innlandsklima, og har difor gode tilhøve for vindyrking. Raúl Pérez sine vinmarker ligg i Valtuille, aust i distriktet. Det er gamle vinstokkar i sandrik jord på 600 meter over havet. Druene går i store gjæringskar med i stor grad heile klasar og gjærar i to månader, før mogning på brukte fat. 100% mencia.

03.06.2022