Vinmisjonæren

Fredagstipset - helgen til helga

I den tjukke boka til Robinson, Harding og Vouillamoz frå 2012, Wine Grapes, er det kjekt å gå på oppdagingsferd mellom obskure druer. Leksikonet skildrar 1368 kommersielle druesortar, så ein skal ha lever og visum i orden for å kome igjennom alle. For svært mange er jo sjeldne utanfor landet dei høyrer heime i. Chardonnay derimot, finst mest på kvart eit nes i verda som dyrkar vindruer.

Ingressen under overskrifta “Chardonnay” i boka fortel godt om kva drue dette er: [...] equally capable of extreme mediocrity and regal splendor. Men mellom desse to punkta på skalaen, er det plass til relativt gode vinar, om ikkje med pris eller uttrykk som er verdig skildringa kongeleg prakt. Dei som tener til livets opphald ved å foredle eiketre er nok glad for chardonnay sin popularitet, for vinen treng liksom litt hjelp frå treverk for å bli løfta over nivået midt på treet.

Chardonnay tek namnet sitt frå ein landsby i Mâconnais i det sørlege Burgund, og foreldra er pinot og gouais blanc. Drua er ganske nøytral, og tek godt opp i seg karakteristika frå vekststaden. Chardonnay kan vere syrleg som i Chablis og Champagne, og litt meir rundt i kantane som i Languedoc eller California.

38 555 hektar var planta med chardonnay i California i 2010, og held til ein solid fyrsteplass blant kvitvinsdruene. Tre vinmakarar som lagar vin under namnet Land of Saints, er verd å få med seg. På polet har dei ein pinot noir og ein chardonnay i overkommeleg prisklasse. Desse kan måle seg med syskenbarn i Burgund på same drue. 

Land of Saints Chardonnay 2020, kr 289,00

Det luktar friskt av mogen sitron. Her er meir gul frukt som sola i California har lokka fram. Noko eik er her, men det er balansert og lovande. Typisk chardonnay på smak med grøne eple, og umisskjenneleg fyldig og rund munnkjensle. Ganske frisk vin og her er akkurat nok konsentrasjon til å matche prislappen. Litt eik ligg og pakkar det heile inn.

Vinen har 12,8 % alkohol, som er moderat for denne druesorten. Gjengen i Land of Saints kjøper druer frå ulike kjelder. Her er det chardonnay frå Santa Maria Valley og Santa Rita Hills i Santa Barbara County, nord for Los Angeles. Vinen spontangjærar i eikefat. Noko omrøring av sedimenta i fatet den fyrste månaden for å auke fylde. Vinen ligg seks månader på fat.

30.08.2022