Vinmisjonæren

Fredagstipset - flower power

Våren er komen og vi anar sommarvarmen der framme. Her nord har vi lagt vår elsk på dei friske kvitvinane. Tysk riesling og sauvignon blanc frå Loire er aromatiske og syrlege. Det same er alvarinho frå Galicia og over grensa i Vinho Verde i Portugal. Muscadet frå ytst i Loire er mindre aromatisk, men frisk og lett og sommarleg. Dei enklare vinane frå Chablis er i same kategori. Rosévin frå alle verdshjørner har den same oppgåva: å skape lett nedkjøling på terrassen og glød i kinna.

Men om vi no skal gjere ei øving, og sjå på kvitvin i den andre enden av skalaen, kva finst der? Rundt middelhavet er det tørt og varmt og druene oppnår lettare ei høg mogning. Druene klarer i mindre grad å halde på syrenivået utover hausten, og vinen vert rundare og fyldigare. Dette er vin som lokalbefolkinga set pris på, og som fungerer godt til maten som høyrer området til. Ein av dei interessante sørlege druesortane er viognier, som vert nytta i Rhône-dalen og i Languedoc-Roussillon.

For om lag 60 år sidan var det berre 14 hektar med denne sorten i heile verda. Og alt dette var i Rhône. No kan du finne viognier frå New Zealand til Texas, frå Hellas til Uruguay. Frå forsiktig utprøving i ulike regionar på 1980-talet, har no viognier eit godt grep og blir kjøpt, gjenkjent og likt av vinpublikum over heile verda.

Viognier likar seg i kjerneområdet i Condrieu nord i Rhône-dalen, der granitt og glimmerskifer med relativ låg ph bidreg til ein lang vekstsesong. I det varmare Languedoc får ikkje vinen like flott struktur, men alltid med den umisskjennelege parfymerte lukta av aprikos, tropisk frukt og kaprifol. Vinen har låg syre, og det gjer han litt framand for oss kjølige nordbuarar. Vi likar det smalt og lett, men her har vi med ein påtrengande og forførande søreuropear å gjere.

De Visu Viognier 165* 2021, kr 159,90

Fersk og typisk viognier-lukt kjem opp or glaset. Mykje fruktige saker her, mango og andre gule frukter og tutti frutti. Tørr vin, men med mykje frukt. Rein og enkel med viognier sin mjuke og runde tekstur. Ein god ambassadør for “den andre sida”.

Kontekst: Druer frå Languedoc i Sør-Frankrike. Produsenten Les Producteurs Réunis er eit kooperativ. Etter gjæring får vinen liggje på eikefat i fire månader, med dagleg omrøring av botnfallet for å gje vinen meir fylde og smak. 13% alkohol. Vinen vart smakt på Vinmonopolet si nyheitssmaking i Bergen i april.

20.05.2022