Vinmisjonæren
Thymiopoulos.

Fredagstipset


Tenk deg at du er 16 år igjen. Det er slutten av juni, så skulen er slutt. Det er ein slik sommar som ettertida har lagt eit flatterande instagram-filter over. For det var jo regn og slutt på lommepengane då òg. Men no sit du bussen. La oss seie frå Dale. La oss seie det er ein fredag. La oss seie at sola skin. Det er ein slik litt eldre Firda Billag-buss utan air condition, og med ei snor ved vindauget som ein skal trekke i for å signalisere til bussjåføren at ein vil av på neste stopp. Det er varmt, colaen du kjøpte på S-laget er blitt lunken. No sit du der og er allereie sveitt på ryggen. Fiklar med leidningen på headsettet til walkman-en. Endeleg køyrer bussen. De har snakka lenge i telefonen. Du sat der i gangen, på krakken ved det vesle bordet med det raude apparatet, og høyrde på stemma og orda som kom gjennom den svarte leidingen. No skal de møtast. 


Laukelandsfossen er blitt litt smal i sommar, men det drit du i. Det dirrar i vindauga på den gamle bussen. Det kriblar i låra som kviler mot setet. Du har kjøpt eit Fantomet-blad som kviler i fanget, men det er vanskeleg å konsentrere seg. Utanfor vindauget ligg Dalsfjorden og badar i junisol. Hovudet mot vindauget. Lukkar augo.


På Sande kjem det på nokre fleire passasjerar. Sakte sig bussen opp att i fart. Du er utålmodig. Det klør på låra og ryggen frå det syntetiske stoffet i setet. Brusflaska er tom. Kjeften er tørr. Men no er det ikkje så langt att. Bussen svingar seg langs Langelandsvatnet. Det durar frå motoren, det knirkar i girkassen, det surklar frå hydraulikk. Side A er slutt. Du tek ut kassetten, snur han og set på side B. Sakte snirklar bussen seg ned Halbrendslia. Hjartet byrjar å pumpe litt fortare. Du dreg handa gjennom håret. T-skjorta har sveitteflekker under ermane. Skit og. Prøver å kome på noko kult å seie. Bussen tek til venstre ved meieriet, og der framme er Firda Billag. Du slenger walkman og blad i veska og kikkar ut det støvete glaset. Der får du auge på nokon som reiser seg og sakte går mot bussen.


Thymiopoulos Xinomavro Jeunes Vignes 2020, kr 189,90


Om lag ei slik kjensle fekk eg av denne vinen. Det er ein vin som er ung, lett og uskuldig. Umiddelbar, rein og smilframkallande. Du har nett hatt eit bringebærdrops i munnen. Den du kyssar har ete lakris. Det blandar seg. Passe frisk, passe fruktig. Juicy, leskande sommarvin.

Du blir 190 kroner fattigare, men kjenner deg rik. Hender finn kvarandre. Førde sentrum er tomt, hjartet pumpar for fullt.


Kontekst: Apostolos Thymiopoulos held til i vindistriktet Naoussa i Hellas. Det ligg på vestsida av Thessaloniki-bukta, og strekk seg innover i landet. Apostolos laga sin fyrste vin i 2005. Familien hadde drive gard og hatt vindruer i generasjonar. Xinomavro er kanskje den mest spanande druesorten frå Hellas. Han kan gje friske, transparente vinar, men har potensiale for høg syre og ein del tannin frå eldre, godt dyrka vinstokkar. Garden og nokre vinmarker ligg ved landsbyen Trilofo. Her er det vinstokkar på 100-220 meter over havet. I Fytia, lengre inne i landet ligg vinmarkene 400-650 meter over havet. Druene herfrå gjev ein lettare og friskare vin. Apostolos driv mot biodynamiske metodar og er økologisk sertifisert. I kjellaren er det ingen tilsett gjær, og vinen vert mogna på ein miks av ståltank, betong og gamle fat. Druene til denne vinen kjem frå både Trilofo og Fytia. Maserasjon (gjæring og uttrekk av farge og smak frå skal og steinar) i ca 14 dagar i ståltank. 25% heile klasar. Mogning i betong i 8 månader.


28.03.2022