Vinmisjonæren

Fredagstipset - bobler frå Bürgel

Flörsheim-Dalsheim i bereich Wonnegau i vindistriktet Rheinhessen i Tyskland er ein liten landsby. Her ligg ein vinmark på 83,8 hektar med namnet Bürgel. Under vinstokkane og lag med løss er det tjukke lag med ulike typar kalkstein som i Tyskland går under namnet muschelkalk. Desse laga vart avsett i den midtre perioden av trias, 237-228 millionar år sidan. Då var det eit innlandshav der tid laga fossil av sjødyr.

Flörsheim-Dalsheim med sine 3000 innbyggjarar ligg rett vest for Worms, ein av byane som kranglar om å vere eldst i Tyskland. Liebfrauenkirche stod ferdig i 1465 og gav namnet til vinen som har vore den mest kjende frå Rheinhessen i fleire hundre år. Men tider skiftar og menneske endrar tyngdepunkt. Klaus Peter Keller er frå området, og er den nye leiestjerna i vin frå Rheinhessen. Saman med Wittmann, Deissigacker, Groebe og Battenfeld-Spanier er tyngepunktet flytta.

Men det er ikkje berre riesling som trivst i muschelkalk. Spätburgunder og chardonnay kan òg gje gode resultat. Volker Raumland starta sitt sekthus i Flörsheim-Dalsheim i 1990, og har i dag 10 hektar vinmarker, drivne økologisk. 

Raumland Blanc de Blancs Brut 2018, 339,90

Pen, diskret nase, med eple og autolyse. Tørr og konsentrert chardonnay-sekt med frisk syre og noko kalk. Fin avrunda smak med litt sitron og brødskorpe frå autolysen. Høg kvalitet.

Kontekst: Tysk sekt laga på champagne-metoden. Handplukka druer. Gjæring på ståltank og på eikefat. Vinen får 36 månader på botnfallet før degorgering. 6 g/l restsukker. Druene kjem frå vinmarka Bürgel. 

13.05.2022