Vinmisjonæren

Fredagstipset - 21 er her!

Det er umulig å sjå på etiketten til ei vinflaske at det har vore eit vanskeleg år. Etikettar ser like ut, år etter år, det er berre årgangen som vert endra. Om du ikkje veit noko om korleis året arta seg for vinbonden, bryr du deg kanskje ikkje så mykje om at ein vin på polhylla har skifta frå 2020 til 2021. Den globale oppvarminga saman med betre og klokare jordbruk, har gjort til at det er færre problematiske årgangar i det som tidlegare vart rekna som marginale vekstsoner. 

Mindre problem er eit gode for bonden og vinprodusenten. Men mindre variasjon i uttrykk frå år til år kan gjere vindrikkaren sløv og immun mot i utgangspunktet interessante årgangsforskjellar. Får vi høg og jamn kvalitet i ein stil som er lik år etter år, vert vi skuffa når ein årgang plutseleg er vesensforskjellig. Difor er “dårlege” år så viktige som korrektiv til ein sløvande einsretting. Vil du at vinprodusenten “korrigerer” vinen til å bli så lik som dei føregåande årgangane, eller vil du ha eit mest mogleg ærleg uttrykk for vekstsesongen?

Dette er eit filosofisk og forbrukarmessig spørsmål. Eit år som 2021 i Mosel i Tyskland gav hovudbry for mange vinbønder. Du hugsar kanskje at det var ekstremvêr vest i Tyskland og i Belgia? Litt nord for Mosel, i vindistriktet Ahr, vart heile dalbotnen lagt under vassmassane og nærast alle vinprodusentane fekk kjellarar, produksjonsutstyr og køyretøy øydelagt. Elva Mosel gjekk også eit stykke over sine breidder, men med mindre skade. Verre var det med vedvarande regn og sommartemperatur i vinmarkene. Muggsoppen plasmopara viticola, eller vinbladskimmel, har vore utbreidd i Europa sidan 1878. Ved slike tilhøve som det var i Mosel sommaren 2021, fekk denne soppen ideelle veksmoglegheiter. Muggsoppen angrip fyrst bladverket og ved god utvikling spreier han seg til uferdige druerklasar. Om ikkje ein får sett i gang med førebyggjande sprøyting, kan ein vinbonde misse mykje druer. 

Dei som arbeider økologisk, har ein mykje mindre effektiv verktøykasse mot slike store soppangrep, enn konvensjonelle dyrkarar. Det er primært koparsulfat løyst i vatn, og dette må gjentakast ofte om det kjem stadig meir regn som vaskar vekk middelet. Ein del økologiske vinbønder i Mosel fekk i 2021 eit mykje mindre volum vin enn ellers. Det var utover i september veldig kjølig, noko som seinka mogninga. Ved Weiser-Künstler tok vi til med innhaustinga 4. oktober, men det var fleire andre som ikkje byrja før to veker seinare! Det kjølige vêret gjorde at syrenivået held seg høgt. Saman med låg oechsle, betyr det lette, friske vinar. Dette er noko av det som gjer at eg likar Mosel. Så no er eg spent på korleis vinen smakar frå fleire vinprodusentar. Ser årgangen slik ut i glaset som teorien tilseier? Eller har nokon justert på ting undervegs, for å redusere årgangen sine attributtar?

Ein av mine favorittar, som enno ikkje blitt så heit at vinen blir utseld på ein dag, er Andreas Adam. Han held til i sidedalen Dhron, rett sør for Piesport. I slike sidedalar er det ofte meir kjølig luft enn langs Mosel si breie vassflate. Her lagar Andreas og systera Barbara vin frå vinmarka Dhroner Hofberg, og frå Häs’chen over på vestsida av Mosel og Goldtröpfchen i Piesport.

A.J. Adam Dhroner Hofberg Riesling Kabinett 2021, kr 329,-

Yes! Det sitrar av syre før nasen er komen heilt bort til glaset. Sart og fin lukt av nypressa raude Sogna-eple og litt solbærblad. Det var syredelen. Vinen luktar òg av søtare og mognare frukt, mest representert av gule eple. Med litt snurring på glaset dukkar det opp ei ange av knust skifer. Frisk, lett og konsentrert kabinett, med filigran eplesyre og godt gøymd restsukker. God no, men er nok litt uforløyst. Kan vere verd å prøve i både fersk og lagra utgåve. Kanskje om fem-seks år. 2021 ser bra ut!

Kontekst: Dette er ein halvtørr riesling frå ein strålande vinmarka Dhroner Hofberg, som er relativt bratt og vender sør-sørvest. Druene vert pressa og spontangjæra i ståltank, som bidreg til å bevare fruktigheit. 2021 var eit krevjande år, og teamet til Andreas måtte arbeide mykje for å halde sopp-problema i sjakk. Vinen held 8,5% alkohol, har 8,9 g/l syre og 45 g/l restsukker. Prisen er kanskje høg for ein kabinett, men Adam er mellom dei beste i Mosel. Vinen finst i bestillingsutvalet.

10.06.2022