Vinmisjonæren

Fredagstipset - rustraud

Har du nokon gong opna ei flaske vin frå Austerrike? Om du har, så så veit du med ein gong at det er ein austerriksk vin du har i hendene. Dei er smarte, austerrikarane. Med flagget godt synleg på toppen av kapselen eller skrukorken, er austeriksk vin samla, synleg og stolt. Landet er ikkje så stort, men det ligg midt i Europa. Landet har 44 912 hektar vinmarksareal, noko som gjev landet 1% av verdas vinproduksjon.

Landet si fjerde mest planta drue er blaufränkisch. Men kanskje er sorten den mest spanande av Austerrike sine vinar. På vestbreidden av Europa sin største endorheiske innsjø, Neusiedler See, ligg fristaden Rust, med 1900 innbyggjarar. Rust er ein eigen eining i vinsamanheng, og har 412 ha vinmarker. I den vesle Kulm, på 3,6 ha, har Heidi Schröck ein liten parsell med blaufränkisch, som systrene til mormor hennar planta i 1955. Mange i Rust lever av druer, og det gjer Heidi Schröck òg. Ho tok over familiegarden i 1983, og lagar eit variert utval vin frå søraustvende vinmarker med utsikt mot den grunne sjøen.

Om vêret skulle snu (det gjer vel det snart..?) kan nok hennar rosévin Biscaya vere kjekk å ha i kjøleskåpet. Men i 10 grader og regn får eg meir lyst på ein raud, og litt kjøtmat. Då blir det blaufränkisch og biff.

Heidi Schröck Blaufränkisch Kulm 2019, kr 259,90

Mørk raud men transparent. Mørke bær dominerer i nasen, med mogne moreller og bjørnebær. Vinen har ein uimotståeleg kombo av protestantisk fast struktur og katolsk joie de vivre, representert ved ein sentraleuropeisk varme i frukta og pikante hint av dyr men subtil eik.

Kontekst: 100% blaufränkisch frå leirjord med noko kalkavreiring. Kontinentalt klima der sjøen er ein temperaturmoderator. Druene blir knust, og ein liten del går i gjæringskaret med stilkane. Temperaturkontrollert gjæring opp til 29 grader. Vinen ligg 14 dagar med skalet, før pressing. Vidare mogning i 14 månader på store fat frå Franz Stockinger. Desse vert sett på som “vinmakaren sin Stradivarius”, som på ein svært elegant måte omformar rampete ung vin til ein ferdig og verdig drikk. Blaufränkisch frå Burgenland finst på polet frå om lag 160 til over 500 kroner, men kvaliteten på vinen til rundt 200 er høg. Verd å prøve ut. 

17.06.2022