Vinmisjonæren

Fredagstipset - party party!

Om du skal halde fest, samkome, vernissage, bryllaup, opningsshow, jubileumsmiddag, mottaking, avskilsfest eller gravøl, så treng du gjerne vin i større mengder enn du vanlegvis handlar inn. Og du må finne noko billeg, om du ikkje har ein stri kontantstraum å fiske ut midlar frå. Større menneskemengder krev noko stort, og då kjem 75 cl-flaska til kort.

Ei magnumflaske inneheld den doble mengden av vanlege flasker, men effekten kan vere større enn som så. Det er liksom litt meir forventning og stas med dei store flaskene. Og det er altså storleiken som skaper litt ekstra interesse. I tillegg har vi jo etiketten og innhaldet. Då bør det jo stå i stil med forventninga.

Diverre er dei fleste magnumflasker dyrare enn to enkeltflasker, og det kjem vel av høgre kostnad på dei store flaskene. Nokre produsentar har tappelinjer der slike flasker ikkje passar, og magnum må tappast for hand. Med den siste tids auka energiprisar vert store flasker som innheld mykje glas endå dyrare. Men innimellom finst det nokre gode kjøp i større format. Og dei får du her på sida.

I Pfalz held produsenten Wageck til, nærare bestemt i byen Bissersheim. Her er ikkje vinmarker som har den same schwungen som dei kjende namna rundt Forst, Deidesheim, Königsbach og Haart. Men klima og kunnskap ligg til rette for solide vinar. Både av riesling og chardonnay. No finst det ein tørr riesling frå 2019 på desse høge, slanke magnumflaskene som dei nyttar i Tyskland. Og til ein svært sympatisk pris. 

Wageck Kalkstein Riesling Trocken 2019, kr 269,90 (150 cl)

Spanande lukt som vitnar om ein utvikla Pfalz riesling. Her er lime og crispy grøne eple. Samtidig er det ei rikheit som kjem av sunne og mogne druer. Tørr, frisk og epleprega riesling på smak, med noko mineralsk snert. Strålande til prisen. Er nok utvikla, og treng ingen vidare lagring.

Kontekst: Ein tørr riesling frå Pfalz har gjerne meir fylde og frukta vert opplevd som rikare enn tilsvarande vinar frå Nahe og Mosel. Alkoholen ligg frå 12-13,5% og er med å gje kraft til vinen. Denne vinen har 12,5%. Druene kjem frå vinmarker rundt byen Bissersheim, og namnet Kalkstein kjem av det som ligg under topplaget med jord. Vinmarkene i Alsace og nordover i Pfalz, ligg i ein slak dal som er den geologisk formasjonen Rheingraben. Dette er ei forkastningsgrøft som har oppstått ved at kontinentalplater dreg i kvar si retning. I bruddflatene kjem det då fram lag og avsetningar frå tidlegare geologiske periodar. I Rheingraben er det mykje berggrunn som vart danna i ulike epokar i trias. 

På polet finn du vin som har teke namn etter tre typar geologisk materialet som vart danna i trias, nemleg keuper, muschelkalk og bundtsandstein. Denne vinen heiter Kalkstein som er det muschelkalk består av. Druene kjem frå fleire nabovinmarker med den same geologiske samansetjinga. Druene vert handplukka og pressa. Så følgjer gjæring og mogning i ståltank. 2019 var ein årgang med solid mogning i druene, samtidig som syrenivet var bra. Det kan ein merke i denne vinen.

21.10.2022